Onsdag 24. oktober er det boklansering av ishavsromanen «Eventyret – Med Fangstmann til Svalbard», med forfatter Johannes Alme. Forfatteren holder foredrag på hovedbiblioteket fra kl. 19.00.
Om boka:
Vi er attende til slutten av 90-talet, den velsituerte oslokvinna Ann-Magritt har lese om skattejakt på Svalbard på 30-talet, ho leiger ishavsskuta «Fangstmann» og dreg avgarde. Vi kjem inn på ulike miljø og fargerike typar. Det vert klargjering i Tromsø og dramtikk i Hornsund. I Longyearbyen får vi heile spekteret frå storpolitikk, via utfordringar ombord til ein retteleg tur på Huset med alle ingrediensar.
Romanen flettar saman Svalbards landskap, historier frå landet og den fiktive turen på ein fornøyeleg måte. Lesaren vert dregen vidare, frå personlege utfordringar, detaljer som å starte og køyre påhengsmotor for første gong, til Johan sitt verdsbilete, utan at det vert heseblesende.
Ein svalbardroman, som trass spanande funn, spenning og dramtiske hendingar, er full av kunnskap, historier og lun humor. Som gjerne kan karakteriserast som «feel good».
Det blir mulighet for å kjøpe boka.