Fløgstad på biblioteket

Forfatter Kjartan Fløgstad kommer til oss 16. oktober for en samtale om den rykende ferske «Due og drone».

«Kjartan Fløgstad leverer alltid», skriver Inger Bentzrud i sin anmeldelse av boka for Dagbladet, og klinker til med terningkast seks. «Kjartan Fløgstad refser og glefser som bare han kan i dette rødglødende romanoppgjøret med løgn og unnfallenhet i norsk etterkrigshistorie», skriver Sindre Hovdenakk for VG, og ender på den samme terningsiden. Og flere lovord skal det sikkert bli ettersom bokhøsten skrider frem. Vi ser veldig frem til å høre forfatteren selv fortelle om romanen.

Bibliotekets arrangementsansvarlige, Tony Bjerketveit, leder samtalen.

Bokhuset Libris står for salg av bøker.

Arrangementet er støttet av Troms Fylkesbibliotek.

Om boka
Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn.

Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.

Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid.
På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett.
Endå mykje lenger aust øver vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript i.

Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og verre. Begge tar ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der Sambandsstatane tar imot dei med opne armar.
På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda.

Due og drone er forteljinga om dette.

Om Kjartan Fløgstad
Forfatteren debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Han studerte opprinneleg arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen.

Kjartan Fløgstad har skrive seksten romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen. I 2008 fekk han Brages hederspris. Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda og bur i dag i Oslo.


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..