
For 30. gong skal Norsk Bibliotekforening dele ut prisen for «Årets bibliotek». Over 100 framlegg på til saman 52 bibliotek gav juryen ein vanskeleg jobb med å finne dei fem til finalerunden. Dei fem som er i finalerunden er, i alfabetisk rekkefølgje:
- Deichman Bjørvika, Oslo
- Haugesund folkebibliotek
- Meieriet bibliotek, Vestvågøy
- Tromsdalen bibliotek, Tromsø
- Universitetsbiblioteket i Stavanger
«Det har vore eit vanskeleg arbeid å velje ut fem bibliotek mellom så mange gode kandidatar,» seier Vidar Lund, juryleiar og leiar i Norsk Bibliotekforening.
«Alle desse biblioteka utmerkar seg innanfor ulike nisjer. Oslo har endeleg fått sitt nye hovudbibliotek og Haugesund tek vare på og utviklar eit aktivt, moderne bibliotek i eit kulturminne. Meieriet bibliotek og Tromsdalen bibliotek er særs aktive i sine lokalsamfunn, mens Universitetsbiblioteket utmerkar seg på tilrettelegging for studentane. Dei er gode førebilete,» avsluttar Vidar Lund.
Prisen blir delt ut under eit digitalt arrangement i Oslo 12. januar 2021.